For å vera med på treningane må ein vera medlem i laget og ha betalt medlemsskapskontingenten. Det enklaste for oss er at du gjer det sjølv på heimesida vår. 

  1. Gå til siden om medlemskap.
  2. Du kjem då til ei side med opplysningar om medlemsskap i laget. Her trykkjer du på lenka "Meld inn deg eller ditt barn". Då kjem du til innmeldingsida til Voss idrottslag der du kan registrera deg og betala kontingenten.

Utvida forklaring

  • Dersom du tidlegare er registrert i Min idrett, trykkjer du på logg inn og kjem til ei side der du kan registrera deg i basketballgruppa. Dersom du har gløymt passordet, får du nytt her. 
  • Dersom du ikkje er registrert i Min idrett, trykkjer du Ny brukar og registrerer deg.
  • Dersom du er under 15 år, må foreldra registrera deg 

Du kan eventuelt senda opplysningar til laget (post@vossil.no). Då må du opplysa om: Namn, fødselsdato og år, e-postadresse, bustadadresse, telefonnummer og gruppe (basketball)