Påmelding på EQ Timing frå 1.mars
Starten er på idrottsplassen. I 5km-løypa spring du først ein runde i Prestegardsmoen, deretter langs strandpromenaden og attende til idrottsplassen.
Halvmaraton og maraton som er to rundar, går over Tintrarbrua, deretter til Bømoen og attende med ei sløyfe ut til ungdomsherberget og attende til idrottsplassen. Løypene kan du sjå virtuelt under - og på heimesida til Vossaton.
Målsettinga er at dette skal vera ein løpsfestival både for trimmarar, joggarar og for dei som verkeleg vil testa forma si.
Klassar/Løyper
Maraton
Aldersgrense 18 år. Start: kl 10.00
Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn. Ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista Klassar: 18–19, 20–22 år. Senior: 23–34 år. Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.
Halvmaraton
Aldersgrense 16 år. Start: kl 11:00
Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn. Ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista. Klassar: 15–17, 18–19, 20–22 år. Senior: 23–34 år. Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.
5 km for deg som vil springa eller gå
Frå 10 år Start: kl 11.30
Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn. Ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista: 10-11,12-13, 14-15, 16–17, 18–19, 20–22 år. Senior: 23–34 år. Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.
Påmeldingsprisar Vossaton løpsfestival 26.08.22
Distanse | Innan 30.06 | Innan 25.08 | Etterpåmelding/løpsdag |
5km | kr 150 | kr 175 | kr 200 |
5km, 10-15 år | kr 125 | kr 150 | kr 200 |
Halvmaraton | kr 200 | kr 250 | kr 300 |
Heilmaraton | kr 200 | Kr 250 | kr 300 |
Eingongslisens/forsikring kjem i tillegg
- Kr 101-250: kr 30
- Kr 251-400: kr 40
Kontaktpersonar
Tore Tvilde, tlf. 90745583 – Trond Syversen, tlf. 99207188
Hovudsponsorar

