Nettbutikk for sal av lagsklede

Nettbutikken var open for ein månad sidan. Mogeleg at tidspunktet rundt påsken ikkje var det beste - derfor opnar me han på nytt for ein kort periode slik at varene kan leverast før sommarferien.  

Han vert open fram til 12.06. Forventa levering i veke 29. Nettbutikken er i år utvida med fleire produkt - alle i lagsdesign. Produkta er til bruk på tvers av grupper/idrettar.

Nytt produkt

Eit heilt nytt produkt som de bør sjå på og lesa meir om er "Flex genser" - ein treningsgenser som kan brukast til alle årstider. Elles er "Trail shirt" eit plagg du bør sjå på - ei svært god treningstrøye

Hvordan handle

Gå fram slik ved innlogging:

  1. Gå til nettbutikk
  2. Vel «Logg inn» om du allerede er registrert som brukar på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gong du bestiller fra Trimtex. På mobil må du scrolla litt nedover på sida for å finne disse to vala: «Teamkode for innmelding» trykk «Logg inn».

Dersom du skulle komme bort frå sida, kan du logge inn med aktiveringskode/teamkode: VossIL2022

Rask video-innføring i korleis du loggar deg inn og handlar i nettbutikken.

Storleik

Er du usikker på kva storleik du skal velja, kan du sjå denne informasjonsfilmen.
PS: Chrome elle Firefox fungerer optimalt - med explorer kan du oppleva nokre problem. 

Dersom du har problem med å logga inn, eller du har andre spørsmål, nøl ikke med å ta kontakt - enten på support@trimtex.no eller per telefon 37269100.

Tilbake