Norsk orientering har ymse informasjon både for løypeleggjar og utøvar. Trykk på læring på hovudsida: http://www.orientering.no/
Kurs i orientering for vaksne/ungdom
Er du vaksen nybyrjar i orientering, går på Stolpejakt eller Tur-orientering, og vil læra meir om orienteringskartet og enkel bruk av kompass?
I kurset får de kunnskap om:
- karta – kva dei ulike fargane og kartteikna står for
- korleis løypene kan sjå ut
- enkel kompassbruk
- korleis vi brukar brikker, og korleis dei fungerer
- korleis postbeskrivelsar ser ut, og kva det betyr det som står på desse
Pr. no har vi ikkje planlagt nytt kurs, men ta gjerne kontakt for å melda di interesse. Du når oss på e-post ogruppa.voss@gmail.com eller ta kontakt med Tone på tlf. 41606412.
Vi tek og på oss å arrangera kurs for bedrifter.