Voss IL er det største idrettslaget i Voss kommune, med om lag 1 000 medlemer.

Voss IL er eit fleiridrettslag, med i alt 10 aktive grupper: turn, alpin, nordisk/langrenn, randonee, tennis, friidrett, symjing, orientering, idrettsskule/barnegruppe og basketball. 

Laget har aktivitets-og treningstilbod for alle aldersgrupper. Innandørs føregår det meste av treninga i idrettshallen, på idrettsplassen og på tennisbane, på Voss ungdomsskule, Vangen, Gullfjordungen og Gjernes skular. Laget har kontor i idrettshuset ved idrettsplassen.

Voss IL samarbeider nært med andre idrettslag, både om treningsopplegg, anlegg og arrangement. Dette gjeld særleg innan langrenn og alpint, der ein også samarbeider med toppidrettslina ved Voss gymnas og Voss ungdomsskule. Her har ein også utøvarar på nasjonalt plan.

Voss IL er deleigar i fleire tiltak: Varmestova i Bavallen, Tråstølen Ski AS, Bømoløypa, Voss ski- og tursenter i Skutle-/Herresåsen og har særlege rettar til bruk av idrettsplass og kroppsøvingssal og basseng i Voss ungdomsskule. Laget har 2 hytter: Rosethytta og Tråstølhytta.

I 2016 vart det underskrive ein avtale mellom Voss IL og Voss Utferdslag om bruk av Rosethytta. Denne avtalen regulerer bruk og drift av hytta som eit tilbod til ålmenta i perioden 15. mai til 15.oktober. Voss IL har ansvar for vedlikehald, drift og tilsyn av hytta.