Friidrettsgruppa held til på idrettsplassen om sommaren og i idrettshallen om vinteren.
Frå byrjinga av april har me fellestrening to gonger i veka - måndag og onsdag, men banen er open for trening kvar dag - me må berre tilpassa bruken etter fotballaktivitetar.
Rekruttar, frå 6-9 prøver me å gje eit tilbod ein gong i veka. Frå 10 til rundt 15 år får ein på fellestreningane prøva dei fleste øvingane i friidrett, men etterkvart kan ein spesialisera seg i ei eller fleire øvingar.
Me byrjar uteseongen etter påske. Utover året arrangerer me 5-6 stemne på idrettsplassen. Vossameisterskapen er alltid den første veka i juni.
Ta ein tur innom treningane våre og prøv om friidrett er noko for deg, og bli elles gjerne med på stemna våre sjølv om du først og fremst driv ein annan idrett.
Velkommen på idrettsplassen!
Bli medlem
Foreldre/føresette vert bedne om å registrere seg og sine barn som medlem i klubben.
Les meir om medlemskap i klubben