Symjegruppa på Voss vart stifta i 1960, og har drive med symjeopplæring i over 50 år. Hjå oss er det plass til alle som ein, og me vektleggjer at alle skal trivast. Me driv med breddeidrett (symjekurs) og konkurransesymjing / aktiv trening.
Vårt hovudmål med symjeopplæringa er å gjere born trygge,sjølvstendige og glade i vatn, og dermed også førebyggje drukningsulykker. Symjegruppa på Voss er ei foreldredriven gruppe med eit solid, sosialt fokus.