Det er krav om politiattest for tilsette og frivillege som skal utføra oppgåver for idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige (under 18 år) eller menneske med utviklingshemming. Kravet gjeld for alle over 15 år.
Framgangsmåte
- Den som pliktar å leggja fram politiattest må få ei stadfesting for behovet frå den ansvarlege for politiattest i laget. Stadfestinga skal skrivast på eit eige skjema.
Gjer slik: Den ansvarlege i gruppa sender/gjev den ansvarlege for politiattestar namn, personnummer og epostadresse til den som skal ha politiattest. Den politiattestansvarlege fyller så ut stadfestinga og sender skjemaet til den som søkjer politiattest. - Vedkomande sender så sjølv søknaden om politiattest og legg ved stadfestinga. De søker elektronisk.
Elektronisk søknad til
https://attest.politi.no/
Eventuell søknad i papirversjon
Søknad om politiattest - bokmål
Søknad om politiattest - nynorsk
Skjemaet skal sendast til:
Politiets enhet for vandelskontroll og politiattester
Postboks 113
9951 Vardø- Etter at søknaden er handsama av politiet, blir han returnert til søkjaren
- Når attesten er mottatt, skal han visast til den ansvarlege for politiattestar i laget som er pliktig å føra oversikt over kven som er krevd for attest og dato for når attesten vart vist. Sjølve attesten skal søkjaren ha.
NB Me gjer det slik: Leiaren i gruppa kontrollerer politiattesten og gjev melding til den ansvarlege i laget.
Her finn du meir informasjon om ordninga.
Ansvarleg for politiattestar i Voss IL:
Tore Tvilde, ttvilde@gmail.com
Torgils Bryn (vara) torgils.bryn@visma.no