UTMERKINGAR

Hovudstyret vedtek etter framlegg frå gruppene kven som skal få:

  •  dugnadspokalen (Kringsjå-pokalen),
  •  pokal til beste mannlege utøvar (Sylvsmidjapokalen)
  •  pokal til beste kvinnelege utøvar (Vekselbankpokalen).
  •  gruppene deler sjølv ut Hordalandspokalane.
  •  vimpel vert tildelt etter vedtak i hovudstyret til t.d. runde årmålsdagar og anna.
  •  inntil 4 stipend, som er ein del av sponsoravtalen med Voss Sparebank, etter framlegg frå gruppene.
  • laget si gullmedalje (heidersmerket) vert utdelt etter samrøystes vedtak og tilråding frå gruppestyra eller arbeidsutvalet. Hovudstyret tek endeleg avgjerd og fastset tid og stad for utdelinga.

 

RETNINGSLINER FOR VOSS SPAREBANK SITT STIPEND TIL UNGE IDRETTSUTØVARAR I VOSS IL

1. Formålet med stipendet er å stimulera og hjelpa unge talentfulle idrettsutøvarar.

2. Stipendiet kan tildelast aktive over 15 år som har vore medlemer av Voss idrottslag i minst 2 år.

3. Det skal m.a. leggjast vekt på følgjande kriterium:

  • Resultat
  • Iver og treningsvilje
  • Utsikter til vidare idrettsleg utvikling
  • utøvarar som gjer ein innsats i det lokale treningsmiljøet kan bli prioriterte

Det skal også føretakast ei samla vurdering av den einskilde kandidaten.

4. Inntil 4 idrettsutøvarar kan få stipend kvart år. Maksimal stipendsum er kr. 6.000.

5. Den som får tildelt stipend, står fritt med omsyn korleis stipendet bli brukt til stimulering og hjelp innan idretten sin.

6. Dei einskilde gruppestyre fremjar framlegg. Framlegga skal fremjast seinast 3 veker før årsmøtet i hovudlaget.

7. Hovudstyret avgjer kven som skal få stipend. Stipenda skal delast ut på årsmøtet i hovudlaget.

8. Dersom hovudstyret ikkje finn fullverdige kandidatar til heile summen, blir unytta stipendmidlar overført til eit stipendfond.

9. Stipendmidlane skal stå på eigen bankkonto.

Vedtatt av hovudstyret i Voss IL 12.febr. 08
Revidert av huvudstyret den 1.mars,2018