A.Lydvo fortalde om historia til hytta - ei historie som strekkjer seg heilt attende til 1921. Han fortalde om kor viktig hytta var, både for arrangement av skirenn og som eit sosialt samlingspunkt for laget fram til godt utpå sekstitalet. Men med den kjempejobben som hyttestyret no har gjort, vil me tru at både gruppene i laget og medlemene elles på nytt vil ta ho i bruk - både til dagsturar og overnatting.
I 2016 vart det underskrive ein avtale mellom Voss IL og Voss Utferdslag om bruk av Rosethytta. Denne avtalen regulerer bruk og drift av hytta som eit tilbod til ålmenta i perioden 15. mai til 15.oktober. Voss IL har ansvar for vedlikehald, drift og tilsyn av hytta. Avtalen finn du vedlagt.
BRUK HYTTA - OGSÅ UTANOM SOMMARSESONGEN
I perioden 15.10.2020 – 15.05.2021 er det Voss IL som står for utleige av Rosethytta.
Det vert i denne perioden redusert pris, kr.300,- pr. natt.
For å koma deg inn i hytta treng du ein kode, den kan du få ved å kontakta:
Anne Dalland : 90620742
Margrethe Fosse : 41148264
Betaling til kontonr. 3480.30.67254