Påmelding til våre kurs vil du til ei kvar tid finne på Tryggivann sine nettsider. Dei finn du her!

Praktisk informasjon for deltakarar på kurs

Ta med
Badetøy, handkle og såpe. Hygiene i bassenget og ellers i anlegget er veldig viktig og til det beste for
oss alle. Me vil ha «Rein Glede»!

Borna skal ikkje ha armringar eller andre flytehjelpemiddel med seg.
Dei kan ta med symjebriller, ikkje dykkarmaske som dekkjer nasen. Øvelsane me går igjennom skal i
prinsippet gjennomførast utan symjebriller.

Instruktørar og reglement

Instruktørane er utdanna i Norges Svømmeskole, Norges Svømmeforbund.
Dei følger kurs stigen som er beskrive på tryggivann.no
Det er viktig at foreldre går igjennom reglane til Vossabadet før de kjem til den fyrste timen, både for
seg sjølv og for bornas sikkerheit. Instruktørane vil minna borna på reglar rundt og i bassenget i
forkant av kvar time.

Foreldreansvar

Foreldra har ansvar i garderoben og fylgjer borna inn til anlegget og møte borna i garderoben etter
kurset er ferdig.

 

Vel møtt til symjeopplæring i Vossabadet!

Med venleg helsing
Silje Vethe Harbun
Symjeskuleansvarleg Voss IL