Dei siste åra har symjegruppa på Voss klart å rekruttere symjarar som ynskjer å driva med konkurransesymjing. Dette syns me er veldig kjekt, både som symjegruppe og foreldre. Symjarane gler seg til kvart stevne. Sommarfuglar i magen, mestringskjensle og ikkje minst gleda av å vera i dette fantastiske miljøet. Voss hevdar seg også i konkurransane, det er stor stas!

Her kan du lese meir om korleis symjestevner vert organisert. Fyrst og fremst deles stevna inn i uapproberte og approberte stevner.

Uapprobert stevne

Uapprobert stevne vil sei at det ikkje er dommarar, og dermed ingen moglegheit for diskvalifikasjon på symjedistansane. Symjetidene blir notert i stevnet sine lister, men dei blir ikkje annonsert andre stader. Desse stevna er særs eigna for dei yngste symjarane, frå Sjøløve. Dei blir holdt i 25 meters basseng og symjedistansane varierer frå 25m til 200m.

Approbert stevne

Approbert stevne vil sei at det er reglar og mogelegheit for diskvalifasjon. Dommarane er vaksne og står/går langs kanten under symjedistansen. Desse stevna føregår i 25m eller 50m basseng. Ein kan til dømes bli diskvalifisert for feil symjetak, feil ved vending, tjuvstart m.m. MEN; det er ikkje så farlig, alle blir diskvalifisert ein gong i blant. Ingen får vita at dei er diskvalifisert før etter dei er komne på land, alle får fullføre symjedistansen.

Grunn til diskvalifikasjon får ein vita seinare. Ein kan då nytta dette til fokus og forbetring av teknikk, slik at ein ikkje blir diskvalifisert neste gong. Erfaringsvis er det viktig at ein ikkje har for stort fokus rundt dette med diskvalifikasjon. Ofte lagar foreldra ei større greie ut av dette enn barnet sjølv.

Ufarleggjer det

Vår oppmoding: ufarleggjer det! Forklar barnet at dette er berre ein måte ein kan få tips til å bli ein enno betre symjarar. Trenarane i bassenget har alltid fokus på å veileda barnet til rett teknikk slik at ein unngår diskvalifikasjonar, men konkurranse kan opplevast stressande og ein gjer kanskje feil. Slik er det berre, det er heilt normalt. Dette veks ein på. Per i dag har me fleire symjarar på nivå Gullfisk som har prøvd seg, me vonar fleire blir med. Ein kan delta på desse stevnene frå det året ein fyller 9 år. Er du usikker på om barnet ditt er symjedyktig nok til å delta, spør trenaren din.

Føresette på stevner

Alle foreldre må ikkje alltid vera med på alle stevner. I dei tilfelle der det er mange (20 eller meir) påmeldte symjarar, ynskjer styret i symjegruppa å leggja til rette for felles transport. Elles føregår transport med privatbilar eller kollektivtransport. Me er avhengig av at det alltid er nokon foreldre med, og at desse er villige til å ta ansvar for andre symjarar i tillegg til sitt eige barn. Me forsøker å dele på å reise. Dette avtalar me via «Facebook» eller «messenger grupper» for kvart stevne.

Det viktigaste er at ein melder frå til trenar innan fristen om bornet ditt ynskjer å vera med, og om du som føresett kan vera med eller ikkje. Me prioriterer symjestevner i Hordaland symjekrets, men prioriterer også nokon lengre vekke. Eventuell overnatting og organisering rundt dette vil også bli tatt opp ved kvart enkelt stevne.

Hjartleg velkomne

Me vonar dette informasjonsskrivet gjer at foreldre og symjarar har lyst til å vera med på eit stevne for å prøva om dette kan vera noko for denne symjaren. Det fylgjer med stemningsgaranti, både i vatnet, på kanten og på tribuna. “24 chillis cup” og “søtt+salt cup” er stevner som høver godt for alle aldrar og som er fine plassar og prøva seg på sitt fyrste stevne. Men alle er velkomne til alle stevnene. Viser til årsoversikt som er annonsert på facebook tidligare. Bli med då vel!

TIPS: www.medley.no er ein nettstad som blir nytta ved alle approberte stevner. Her kan ein fylgja med på bornet sine symjetider heime frå sofakroken. Her finn ein også all informasjon om alle approberte stevner.