Før snøen kjem, har langrennsgruppa barmarkstreningar med base utanfor Vangen skule. Når snøen kjem er basen vår på skistadion i Voss ski og tursenter. 1.-3.klasse trenar ein gong i veka, tysdagane, mens 4.-6.klasse trenar 2 gonger i veka tysdagar og torsdagar.
Treningane startar opp rett etter haustferien. Torsdagstreningane for 4.-6.klasse er som regel ei rulleskiøkt. Voss IL Nordisk har rulleski som dei låner ut.
Treningane i langrennsgruppa er varierte og leikprega. Vårt mål er at borna blir trygge på å gå på ski og opplever gleda av å driva med langrenn.
Frå 13 år og oppover er langrennsgruppa ein del av Vossalangrenn som er eit treningstilbod på tvers av idrettslaga i bygda. Sjå eige nettside: Vossalangrenn