Tennis i Voss IL

Info frå styret

Etter mykje dugnad der banane har fått ny grus, nye nett og faste linjer opnar me med "Open dag"  onsdag 19.mai kl 18-20. Tilgjenge for alle, tanken er at ein kan spele litt, finne ein makker eller  få litt instruksjon om ein ynskjer det. Nybyrjarar velkomne.  Slike opne dagar vert det kvar onsdag framover. Følg med  på Facebook "Tennisgruppa VOSS IL" for meir info.

Mandager kl 19-21 ver det "MANDAGSTENNIS" der medlemmer i Tennisgruppa samlast for singel og double spel.

Oppfordrar alle til å betale medlemskap i Voss IL  via minidrett.no og markere TENNIS GRUPPE OG TENNIS GREIN. Dette gir adgang til bane og utstyr. Spørsrmål ang medlemskap kan rettast til torsmot@gmail.com

Me fortset med Matchi som bookingsystem. Dei som ikkje har laga seg ein brukar må gå inn på Matchi.se for å gjere dette.

Spørsmål ang Matchi kan sendast til hedan@online.no

Har du behov for tennisutstyr har me klubbavtale med Torinor med gode rabattar. Infoskriv ligg på FB Tennisgruppa Voss Idrottslag

Me kan no tilby strenging av tennisracket. Viktig å stilla med nystrenga racket til sesongen. Pris kun kr. 250,- inkl strengar.

Spørsmål om dette og andre ting kan rettast til per.loven@moller.no

Vel møtt til ny tennissesong! Mvh Styret

 

 

Tilbake