I 2002 vart det for første gong starta opp med organisert basketballtrening i laget. Det var to entusiastar frå Austlandet som stod bak. Det var kick off i idrettshallen med gjestande lag frå Bergen og det var basketdag for ungar. Den største suksessen var kanskje "familiebasketen" der ein delte salen i tre - og så trente dei yngste på ein del, dei litt eldre på ein og foreldra på den siste. 

Dei to første åra var det berre snakk om trening, men i 2004 hadde dei med eit lag i 4.divisjon for menn, og året etter også eit lag i gutar 15-lag. Dei prøvde og å få damene med - utan å lukkast. 

Etter to sesongar var det slutt på seriespelet. I 2006 hadde ikkje gruppa spelarar nok til å melda på lag. Dei heldt fram eit par år med treningar i gymsalen på Vatle, men så vart det slutt. 

På handlingsplanen til Voss IL var eit av punkta våre frå 2013 å få i gang basketballgruppa att. Diverre lukkast me aldri å få tak i trenar. 

Vinteren 2018 fekk laget så ein telefon frå Stian Lien som nyleg hadde flytta til Voss. Stian hadde erfaring som spelar, men ikkje minst som trenar for aldersbestemte lag. Og dermed byrja snøballen å rulla. Han kom i gang med trening på ungdomsskulen på ettervinteren og etter kvart og i idrettshallen. Og hovudstyret løyvde pengar til ein oppstart for gruppa. 

Frå hausten 2019 er det treningar tre gonger i veka med rundt 20 ungdomar frå 13 år og oppover. 

I slutten av januar 2020 vart gruppa organisert med styre.

 

Kontaktperson
Stian Lien
Trenar
Mobil: 47862150
stian.lien@bkk.no

Bli medlem
Foreldre/ foresatte bes om å registrere seg og sine barn som medlem i klubben.
Les meir om medlemskap i klubben

Registrer deg/ditt barn som medlem