Dette erstattar den årlige helga til Årdal. Alle som har vore med tidligare veit at å reisa på treningsleir med symjegruppa er ei særs kjekk hending.

Alle vil få treningstider i bassenget fredag, laurdag (to økter) og sundag. Alle symjarar frå sjøløve, gullfisk, laks, hai, K1 og K2 kan vera med. Foreldre og sysken er også velkomne til å vera med.

Overnatting

Overnatting skjer på Gaupnetunet. Her ha me reservert hytter med plass til inntil 8 personar, og nokre hytter med plass til 3-4. I tillegg er det moglegheit for å bu på hotellrom for dei vaksne som ynskjer det. I tillegg disponerer me rom på hotellet som me kan nytte til sosiale aktivitetar.

Gaupnetunet lagar all mat til oss. Det blir servert frukost, lunsj og middag. Dei har lova å tilpassa ein meny som høver til barn på treningsleir.

Fasiliteter

Lustrabadet er eit nytt symje- og velvære anlegg. Her er 25m basseng med 6 baner, samt klartevegg, stupetårn og sklie, velværeavdeling med varmekulpar, «grotta», utendørskulpar, m.m. Me trur difor dette er ein stad der alle kan trivast denne helga.

Pris

Styret i symjegruppa ynskjer at ei slik treningsleir skal vera eit eit lågterskeltilbod. Me har derfor bestemt at pris for årets symjeleir blir kr 500,- per pers. Dette inkluderer to overnattinger, mat og inngang i bassenget. Kr 500,- er også prisen for foreldre og sysken, men desse må betale inngang i bassenget sjølv. Ellers er overnatting og mat inkludert i summen, også for dei. Dersom nokon foreldre/sysken ynskjer å bu på hotellrom må ein betale kr 200,- ekstra per natt for dette, altså kr 900,- per pers.

Transport

Transport til og frå Gaupne må ein organisere sjølv. Me oppmodar til samkjøyring. Avreise frå Voss så snart som råd etter skule/jobb fredag 15 november. Fyrste treningsøkt blir kl 18.30 fredag.

Påmelding

Påmeldingsfrist: 4. november 2019

Påmelding kan sendast vià sms til 924 29 062 eller e-post: hegeindreboe@hotmail.com.

Skriv navn på symjar og antall personar som skal vera med vaksne/barn. Skriv også om de ynskjer overnatting i hytte eller på hotellrom.

For spørsmål ta kontakt med Hege Indrebø tlf 924 29 062, eller Bård Mossige tlf 922 48 847