Etter ei knallavslutting av Sjur Røthe kneip han sigeren føre Simen Hegstad Krüger med 3.5 sekund. Dermed gjekk Sjur inn til si 3.NM-gullmedalje.

Me ser fram til spennande World-cup renn, og ikkje minst VM om ein månad.  

Vebjørn Turtveit gjorde og ein flott innsats i NM i Granåsen. Han hadde ei travel veke med start på 3 distansar. I 10km klassisk fekk han ein god 12.plass, og på 30km skiathlon og 15km fristil ein 20. og 21.plass.  Me gratulerer!