Fekk du ikkje med deg kurset i løypeteikning med Purple Pen, får du ny sjanse tysdag 23. mars 2021 kl. 18.00. Påmeldingsfrist 17. mars 2021. Informasjon og påmelding her: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/3892


Kursavgift på kr. 250 vert betalt av O-gruppa for medlemmar.


For eit par år sidan, hadde vi kurs i løypelegging her på Voss. Dersom du ikkje fekk det med deg då, kan du vera med på digitalt kurs måndag 22. mars 2021 kl. 18. Kurset er for både nye og erfarne løypeleggjarar i alle typer o-løp. Ungdom vert særskild oppmoda til å bli med. Det er ikkje noko krav om at du skal leggja løyper etterpå, men kurset er ein fin måte å bli kjend med korleis ein planlegg løyper. Gratis. Påmeldingsfrist 15. mars 2021.
Informasjon og påmelding her: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/3907