Start mellom kl. 18 - 19. Starten blir ved lageret vårt i Bømoen. Merka frå krysset Tjukkebygdvegen - Bømovegen. Opplæring på staden for nye deltakarar. Løyper for alle nivå: småtroll, ei nybyrjarløype som høver for born og nye vaksne, og ei lengre løype for meir røynde løparar. Vi ynskjer nye og gamle medlemmar velkomne til ny O-sesong.
Sjå meir informasjon i O-faldaren som ligg vedlagt.
 
Langløypa heng ute til og med søndag ettermiddag kl. 17. Kartet vert lagt ut her og på nettsida etter løpet på torsdag, slik at dei som ynskjer, kan skriva ut sjølve.
 
Det er følgjande treningsavgifter:
Startavgift heile sesongen: Born kr 200, vaksne kr 500, familie kr 800 eller
Startavgift enkeltløp: Born t.o.m 16 år kr 30 og vaksne kr 50.
Leige av tidtakarbrikke (EKT-brikke) kr 20.- pr. gong (vaksne).
Betalast til konto 3480 11 86892 eller Vipps #104698 Voss Idrottslag Orientering. I tillegg kjem medlemskontingent for Voss IL.