Turorientering 2021 er ein konvolutt med kart frå tre ulike område på Voss. På karta er det teikna inn til saman 40 postar, og desse postane heng ute heile sesongen til og med haustferien i oktober.
 
Du kan lesa meir på www.turorientering.no eller henta konvolutten hjå Endeve, Sport1 eller på Turistinformasjonen . Du betaler kr 150,- med Vipps eller overfører til konto. (Vipps #104698 Voss Idrottslag Orientering eller konto 3480 11 86892) Hugs å skriva kva beløpet gjeld. I konvolutten er det info om korleis du går fram.
Ein kan lasta ned TurO-app for registrering av postar. Forklaring om dette finn du i konvolutten.
 
Velkommen til fine turar i skog og fjell.
Postane er på plass no, - frå 01.06.