Dei fine forholda førte til ny løyperekord av Hans-Inge Klette. Elles var det mange personlege bestetider blant dei som har vore med desse 3 åra me har arrangert løpet. 

Diverre vart det heller få deltakarar i år - og spesielt på 4km der berre 3 utøvarar stilte til start. Totalt deltok 41 og  20 av desse i barneløpet, for dei opp til 12 år. Dette var under halvparten av deltakartalet frå i fjor, og då var det i tillegg eit heller ufyseleg ver. Det første året deltok 4 gonger så mange.   

Med den gode tilbakemeldinga me har fått av arrangementet satsar me på eit nytt løp til neste år. Men deltakartalet må nok opp vesentleg for at me økonomisk sett kan halda fram med løpet. 

Resultata ligg på eqtiming: RESULTAT