Vossaton vart gjennomført under flotte løpsforhold sjølv om det kom nokre skikkelege regnbyger mot slutten av arrangementet.
Ole Johnny Carlsen vann halvmaraton for menn på den gode tida 1.20.49 som også er ny beste tid for han. Det borgar for at me har funne ei rask løype - noko også den fine tida til Myrna Dral i kvinneklassen viser.
På 5km fekk me eit drabeleg oppgjer mellom to 11-årige løpstalent. Vetle Vesterhus Michelsen vann på 20.07 - ein sekund føre Vegard Krangnes.
Løparane me snakka med var godt nøgde med arrangementet og løypene.
Me kan lova at til neste år kjem Voss IL og FBK Voss attende med Vossaton løpsfestival i eit langt større format.
Dette skal bli eit arrangement for alle trenings- og løpsglade - både for trimmarar/joggarar så vel som racerar. Då vert det og full maraton. Datoen vert 20. eller 27.august.
Me ynskjer deltakarane i år og nye løpsglade trimmarar vel møtt i 2022
Resultata finn du her: RESULTAT VOSSATON
Start 5km