NM for senior vart arrangert i Kristiansand i helga. Mariell Hetlesæter Morken, som er første-års junior fekk ein flott 2. plass i kule med resultatet 13.10m. Det var berre 36 cm opp til 1.plass, Dersom ho hadde støytt opp mot den personlege rekorden sin som vart sett for vel ei veke sidan, hadde ho vunne.  

Me vil tru at den gode plasseringa motiverer til vidare satsing.

Mariell deltok også i diskos og fekk ein 10.plass med 36.18.