Treningsløp i Bømoen med start/mål ved klubbhuset til Viljar. Merka frå krysset Tjukkebygdsvegen/Bømovegen.
Start mellom kl 1800 og 1900. Eige opplegg for born kl. 18.
Løyper for alle nivå: Nybyrjar, kort/mellom og langløype. Kort opplæring for nye O-løparar.
Alle velkomne.
 
Informasjon om startavgift:
Enten betaler ein startavgift for heile sesongen eller startavgift for enkeltløp: Startavgift sesong: Born kr 200, vaksne kr 500, familie kr 800. Startavgift enkeltløp: Born t.o.m 16 år kr 30 og vaksne kr 50.
Leige av tidtakarbrikke (EKT-brikke) kr 20.- pr. gong (vaksne).
Betalast til konto 3480 11 86892 eller Vipps #104698 Voss Idrottslag Orientering (skriv kva betalinga gjeld).
Medlemskap i Voss IL kjem i tillegg.
 
P.s. Måndag 9. mai blir det kurs for nybyrjarar uansett alder. Tid og stad kjem (ca. kl. 18 - 20).