Bli med på ein aktivitetsdag for heile familien søndag 1. mai 2022 med start mellom kl. 11 – 13, ved leiren i Bømoen.
Familieløype (tilrettelagt for barnevogn), labyrint og «skattejakt» for borna.
Du treng ikkje ha kunnskap om kart på førehand. Enkel opplæring vert gjeve.
Deltakarpremie til borna.
Enkel kafé (vafler, kaffi, gratis saft til borna).
Arrangementet er gratis.
Kle dykk etter veret og bli med!

Arr: Voss IL - orientering