Blir du med å setja verdsrekord i orientering?
O-gruppa i Voss IL skipar til Verdas O-dag i Bømoen v/leiren torsdag 12. mai med start mellom kl. 18 – 19.
Merka frå krysset Tjukkebygdvegen/ Bømovegen.
Løyper for alle nivå. Aktivitetsløype for borna.
I år kan du og vinna ein eksklusiv WOD-buff:-)
 
Verdas Orienteringsdag (World Orienteering Day) vert arrangert kvart år av det internasjonale orienteringsforbundet (IOF). Sjølv om det var koronarestriksjonar i 2021, deltok 135 971 personar i 51 land. I år er det førehandsregistrert 444 arrangement i 57 land.