Me ynskjer alle velkommen til O-løp på Ukvitne i morgon, torsdag 19.mai. Start mellom kl. 18.00 og 19.00. Det er N-løype, kort løype, mellom- og langløype. Merka frå avkøyrsel E16/ Liland.
Kartet Ukvitne dekkjer eit flott skogsområde med skogsvegar, stiar, myrar og bekkar.
Det er ein del vatn i bekkane no, men mogleg å passera dei. - ein må rekna med å verta våt på beina!
Det er også dyretråkk fleire stader, desse er ikkje med på kartet.
Enkelte mindre, gamle kraftliner er heller ikkje med på kartet,- men ei stor kraftline er godt synleg både over terrenget og på kartet