Dei eldste og mest erfarene symjarane, hadde 6 treningsøkter derav ei økt på land. Dei rakk symje 17500m denne helga. Dei yngre symjarane hadde 5 økter og svømte lengre og betre enn dei nokon gong har gjort. Alle som var med har garantert hatt progresjon på symjeferdighetane sine etter denne helga. Sosiale samlingar som dette er særs viktig i ein individuell idrett som symjing er. Me vonar alle som var med, og kanskje enno fleire symjarar, vil vera med også neste gong. Tusen takk til Lustrabadet og Gaupnetunet som var dei beste vertane denne helga. Håpar me sjåast igjen.
TUSEN TAKK FOR TUREN ALLE SAMAN!