Me inviterer løpsglade trimmarar til løpsfest laurdag 27.august. 

Du kan gå/jogga eller springa kor fort du ynskjer - og du kan velja mellom ei 5km løype i Prestegardsmoen, eller ei rask halvmaraton- og maratonløype til Bømoen og attende. Alle løypene startar på idrettsplassen.

BLI MED ENTEN DU ER 10 ÅR, ELLER LANGT OPP I VETERANALDER 

Meir info og lenke til påmelding finn du her og på heimesida til Vossaton