Omframt årsmøte i Voss IL onsdag 14.09, kl. 19.30
Stad: Voss Idrettshall, møterommet
Sak: Det har kome ynskje om at det vert oppretta ei volleyballgruppe i laget - i første omgang jente- og gutelag frå 10.kl til ut vidaregåande. Initiativtakarane har namn til eit gruppestyre. Dei ynskjer å koma i gang med organisert trening så raskt som mogeleg.
Framlegg til vedtak: Omframt årsmøte i Voss IL den 14.09.22 godkjenner at det vert oppretta ei volleyballgruppe.
For hovudstyret i Voss IL
Tore Tvilde