Med dette har me fått 2 millionar frå Voss Sparebank til idrettshuset. Banken løyvde i i januar ein million til idrettshuset. I styremøte den 22.09 gav banken enda ein million.
Me er utruleg glade og takksame for gåva
Med desse to tilskota, og vonleg ei løyving frå Kraftfondet om 3 veker, er det all grunn til å sjå fram til eit nytt idrettshus i "eksperthaugen" sommaren 2023.
Hugs det ekstrordinære årsmøtet torsdag 29.09 - då vonar og trur me på eit vedtak om byggestart.