Informasjon om nytt Fritidsfond og synleggjering av støtteordningar til barn og unge i Voss herad
Fritidsfondet, Voss herad
Som ein del av prosjektet Bygd for alle har Voss herad oppretta prøveordninga Fritidsfondet. Fritidsfondet har som føremål å gje barn og unge i alderen 6 -18 år moglegheit til å delta i ein organiserte fritidsaktivitetar til tross for dårleg familieøkonomi. Trenarar, lagleiarar, helsestasjon og andre resurspersonar i heradet kan søkja om støtte på vegne av familien/barnet på opp til kr. 2500,- per år per barn.
Støtta skal gå til utgifter knytt til deltaking i ein fast fritidsaktivitet. Tiltaket er finansiert gjennom midlar frå Voss Sparebank, prosjektperioden vert avslutta 1.august 2023.
Utfyllande informasjon om Fritidsfondet, målgrupper og retningslinjer for kven som kan søkja og korleis, finn du i vedlagt vedlegg og denne lenka Fritidsfondet - Voss herad
Synleggjering av aktivitetstilbod og støtteordningar
Det har lenge vore eit ynskje at Voss herad skal synleggjera aktivitetstilbod og støtteordningar for barn og unge.
I aktivitetskalenderen www.voss.friskus.com er det no kom eit nytt menypunkt kalla «STØTTEORDNINGAR».
Her har me samla informasjon om støtteordningar til barn og unge i Voss herad. Har de tips til andre ordningar som bør inn på denne sida, ta kontakt med underteikna.
På Voss herad sine heimesider under «Kultur, idrett og fritid» har me samla nyttig informasjon til ungdom, dette ligg under «Ung på Voss», også her finn ein informasjon om «Støtteordningar, barn og unge»
Reduserte prisar på sesongkort i skisenter for born som veks opp i familiar med låg inntekt
Voss Resort og Myrkdalen Fjellandsby tilbyr born i familiar, der samla brutto inntekt er under 450.000,-, sesongkort til kr 2.200,-. For meir informasjon om denne ordninga, sjå skisentera sine heimesider.
Dersom det er lag eller organisasjonar som ynskjer informasjon om og hjelp til å leggja betre til rette for inkludering i klubben, ta kontakt med underteikna.
Med venleg helsing
Kristina Finne
Konsulent
Kultur og fritid
Tlf +47 911 42 633