Løpstrening (ute) - frå årsklasse 2011 (11 år i 2022)

  • Onsdag kl 17-18. Første gong 2.november Frammøte ved hovudinngangen till idrettshallen. Løpstreninga vert i Prestegardsmoen og på friidrettsbana. 

Trening i idrettshallen - frå årsklasse 2012 (10 år i 2022)

  • Fredagar kl 14.30/45 - 16.00. Pga. av anna arrangement i idrettshallen, vert første treningsdag den 11.november. 

Me prøver å få til trening inne ein dag til i veka etter nyttår

Førebels har me diverre ikkje tilbod om trening for rekruttar, men laget vil etter nyttår ha tilbod til aldersgruppa 2.-5.klasse på idrettsskulen/allidrett. Det kjem snart info på heimesida

VEL MØTT TIL TRENING!