Utøvarane frå Voss IL imponerte i opningsrennet på Beitostølen. Me gratulerer.
Vebjørn Turtveit bankar verkeleg på døra til verdscupdeltaking med ein 6. og 8.plass. Det vert spennande å følgja han utover sesongen. Den neste sjansen til å stadfeste kapasiteten får han alt komande helg i norgescupopninga på Gålå. Vonleg får han delta i verdscupen på Lillehammer og Beitostølen i desember.
Ein småsjuk Sjur Røthe stilte likevel på startstreken sundagen og fekk ei grei gjennomkøyring.
Elles imponerte Erling Fagerbakke Fosse med ein 19. og 22.plass - og tidsmessig var han ikkje langt bak dei beste.
Den 4. lauparen frå Voss IL, Daniel Dukstad, treng tydeleg nokre renn til før han er tilbake på nivået frå førre sesong.
Me hugsar Bulken sitt stafettlag med to gull i NM på 90-talet. I år er det kanskje Voss IL sin tur til å bli eit medaljelag.
Det kan bli ein triveleg vinter for langrennssporten på Voss.