Karusellsymjing er noko av det kjekkaste me gjer i symjegruppa! Både for symjarar og foreldre. Latter, glede, meistringskjensle og nye vener. Kan det bli betre? 

Tusen takk til alle symjarane våre og til dykk foreldre som stiller opp som tidtakarar og servitørar.
Dette er eit lågterskel arrangement me vil halda fram med også i 2023. Datoar blir annonsert i januar 2023.

Me vil nytta høve til å ynskja dykk alle ei God Jol og eit godt nytt år.

Tusen takk også til alle trenarane våre som står på året rundt for barna og ungdommane. Me set stor pris på dykk!

Jolehelsing frå oss i Symjegruppa.