Referatet frå møtet vert lagt ut under laget/administrativt/årsmøte

Det vart delt ut 2 stipend - begge til utøvarar i langrenn. Martin Hindenes frå Voss Sparebank delte ut stipenda. 

Julie Tronerud Kvelvane - Ho er ein utøvar som satsar seriøst og som også i langrenn er blant ei aller beste i landet.  I 2022 nr 3 i Hovudlandsrennet og i år nr 4 i Norgescup. Mor tok imot stipendet.
 
Markus Håheim: Vore den beste i kretsen i fleire år. Vart nr 16 i Hovudlandsrennet i fjor (var berre 10 sek fram til ein 8.plass). Presterte tett oppunder dei aller beste i landet i sin klasse. Vart diverre skada før sesongstart i år, men er no i full trening att og sterkt motivert for å satsa.
 
 
Pokal til:
  • beste kvinnelege utøvar i laget: Mariell Hetlesæter Morken (friidrett/kast) Vart i 2022 ungdomsmeister, gull i NM-junior og bronse i NM for senior.
  • beste mannlege utøvar: Sjur Røthe - han  fekk pokalen i år for 18.gong. Far tok imot pokalen.
  • dugnadspokalen til Jan Frode Seim - for stort arbeid med kart i o-gruppa, og ikkje minst for innsatsen med Bømoløypa. Var leiar i styret for Bømoløypa ein periode frå 2010 og vart ny leiar då det i 2020 vart skriven ny avtale med Bømoen AS om drift av løypa Han har lagt ned utallige timar med dugnadsarbeid - rydding, utskifting av lampar og finansiering. Har vore skifta lampar for vel kr 100.000 dei 2 siste åra.  No er det Voss IL og skiskyttarlaget som driftar løypa.