Sesongopning 13. mai
Avhengig av været opnar me bane 1, Laurdag 13. Mai. Pga vannmangel i forbindelse med bygging av nye Idrettshuset har me ikkje klart å få klar Bane 2, men opnar den så snart me har vatn tilgjengeleg igjen.
Lyst å prøve tennis?
Velkomen til open dag kvar onsdag mellom 18.00 - 20.00. Representanter frå klubben er tilstades og du kan få spela tennis, få litt instruksjon og gjera deg kjent med bruk av banen.
Medlemskap
Oppfordrer alle til å melda seg inn i Voss IL tennisgruppa. Innmelding gjer du på nettsida Minidrett.no. NB! hugs å kryssa av for tennis som grein.
Har du spm vedrørande medlemskap ta kontakt med Tormod på mail torsmot@gmail.com.
Prisar
For medlemer av Voss IL tennisgruppa er bruk av banen gratis. Me sender i tillegg ut treningsavgift på kr. 250,- til medlemer over 18 år. I treningsavgifta får du tilgang til utstyr som ballar, ballmaskin og låneracketer.
For ikkje medlemer er baneleige kr. 150,- pr. time.
For medlemer som har med seg gjestespelarar er prisen kr. 50,- pr. time. Betalast på Vipps #693823
Booking
For reservasjon av timer bruker me bookingappen Matchi. Lag deg ein brukar på Matchi appen eller Matchi.se og du er klar til å reservere bane. Ved reservasjon får du tilsendt låskode og informasjon.
For nærare info om bruk av Matci ta kontakt med Helge på mail hedan@online.no