I alt 160 symjarar frå kretsen tok del i arrangementet. Her vart tevla i alle symjedisiplinar og alle vossasymjarane hevda seg særs godt.
Stemne var eit lågterskel stemne noko som vil sei at det var mange heilt unge symjarar som tevla for fyrste gong.
Mykje flott symjing av store og små og spesielt kjekt å ha med så mange heilt unge symjarar.
Vossingane stilte med 2 stafett lag jenter gutar begge dagar og her vart siger for Vossingane.
Symjegruppa vil rette ei stor takk til Vossabadet og Vestkantsvømmerne ved Jan Kenneth Anthun og dugnadsfolk for god hjelp i gjennomføringa.
Og viktigast stor takk til alle symjarane for strålande innsats i bassenget.
«Vossastemne» eit veldig kjekt låg terskel stemne som symjegruppa vil halda årleg frametter.
Her finn de resultatlister
Sjå Avisa Hordaland sin reportasje her.