Dei fleste produkta er til bruk på tvers av grupper/idrettar.
Her kan du kjøpa: treningsjakke og -bukse, lang og kort tights, kortbukse, t-skjorte og singlet m.m.

Eit heilt nytt produkt som de bør sjå på og lesa meir om er "Flex genser" - ein treningsgenser som kan brukast til alle årstider.

Gå fram slik ved innlogging: 

1) Gå til Nettbutikk: trimtex.no/no/teamshop/vossil2021 
                                NB Les rettleiinga under (punkt 2,3,4) før du går til nettbutikken.

2) Trykk "Logg inn" øvst til høgre  - NB ikkje bry deg om at det heilt til venstre står "siden er ikke funnet".

3)  Før du kan starta å bestilla, må du registrera deg.
      Vel no «Logg inn» om du alt er registrert som brukar på trimtex.no , eller vel “Ny konto” om det er første              gong du bestiller fra Trimtex. På mobil må du skrolla litt nedover på sida for å finna desse to vala.
      Du kjem då inn på "Mi side".
      (Du kan  eventuelt logga deg inn med aktiveringskode/teamkode: vossil2021)

4) Trykk så på "Voss idrottslag" (midt på sida), og du er inne i nettbutikken. 

Chrome elle Firefox fungerer optimalt - med explorer kan du oppleva nokre problem. 

Lurt tips! Dersom du kjem “bort” fra klubbsidene, kan du alltid klikka på klubbnamnet øvst på sida for å koma tilbake igjen. På mobil går du til menyen øvst til venstre.

Dersom nokre har problem med å logga inn, eller de har andre spørsmål, nøl ikke med å ta kontakt enten på support@trimtex.no eller per telefon 37 26 91 00.