Generelle reglar: 

  • Ein kan no utøva aktivitetar i grupper inntil 20 personar, men med minst 1m avstand mellom utøvarane.
  • Ein kan ikkje utøva aktivitetar som gjev fare for smittespreiing på grunn av bruk av felles utstyr.
  • Dersom ein brukar utstyr frå laget skal alt desinfiserast før og etter bruk og kan berre brukast av ein person
  • God handhygiene/vask med såpe eller desifiseringsmiddel før og etter trening
  • Allle særforbunda har laga eigne retningsliner. Her er nokre konsekvensar:
    • Basketball: Ein kan ikkje sentra til kvarandre, og alle må eventuellt ha sin eigen ball. 
    • Friidrett: Dersom fleire må bruka sama kastreiskap, skal det desinfiserast mellom kvar utøvar. I løp må det vera ein ledig bane mellom utøvarane. Høgde må eventuelt trenast av ein person om gongen. 
    • Turn: Apparata må desinfiserast mellom kvar utøvar.