Finn 30 stolpar eller fleire og du er med i trekking av premiar. Stolpane i Bømoen og Prestegarsmoen/Haugamoen står ute til 1. november. Stolpane på Hanguren står ute til ca. 10 oktober (med atterhald om vertilhøve).

Kvar stolpe har ein bokstav og ein QR-kode. Stolpane kan registrerast på tre måtar:

- Skriv kodane og namnet ditt på eit gratis kartark som kan hentast hjå Dyrdal Mat i Haugamoen, hjå ein av Sportsbutikkane på Voss eller i Rykkesvegen 6. Lever arket hjå Dyrdal Mat eller i Rykkesvegen 6 seinast
8. november 2020.

- Lag deg brukar på www.stolpejakten.no - noter kodane og legg desse inn på di side.

- Last ned appen Stolpejakten til smartelefonen din frå Google Play eller AppStore og skann QR-koden på kvar stolpe du finn.