Voss Skiskyttarlag og dei samarbeidande laga i Voss Ski og Tursenter skal den 18.-20. september arrangera NM i rulleskiskyting. Det trengst mange funksjonærar for å sikra ei god og trygg avvikling.

Voss IL har lova å stilla med minst 30 funksjonærar – til skytebane og arenaarbeid, parkering, koronavertar m.m.

Arrangementet går over 3 dagar, frå fredag 18.09 til sundag 20.09. Kva tidspunkt på dagen det er behov for dei ulike oppgåvene, må me få koma attende til.

Me vonar du har lyst og høve til å hjelpa til. Gje i så fall tilbakemelding kva dag/dagar og gjerne tidspunkt du har høve. Det trengst og nokre funksjonærar til testrenn den 6.09.   

Me ber om tilbakemelding innan tysdag 25. august til ei av e-postadressene under, eller på SMS til 90745583.

E-post til: anne.aas@skule.voss.no, Borgedossland@gmail.com eller post@vossil.no

Helsing
Voss IL
Tore Tvilde