På Voss er det no 50 stolpar. Stolpane 1 – 40 er plasserte på kart for Prestegardsmoen, Haugamoen og Bømoen. Stolpane 41 – 50 er plasserte på Hanguren i ei rundløype som går frå Voss Gondol via Valbergstjørna, endestasjon for tidlegare Hangursbana og attende til toppen av Voss Gondol. Alle som finn 20 stolpar eller fleire, er med i trekking av premiar.

Kvar stolpe har ein bokstav- og ein QR-kode. Stolpane kan registrerast på tre måtar:

  1. Skriv kodane og namnet ditt på dette arket og lever hjå Voss Resort eller Dyrdal Haugamoen AS.
  2. Lag brukar på www.stolpejakten.no, noter ned kodane og legg desse inn på di side.
  3. Last ned Stolpejakten-app til mobil frå Google Play eller Apple App Store og skann QR-koden på kvar stolpe.

Stolpejakten vert skipa til av Voss IL, O-gruppa i samarbeid med Voss Resort.

NB! Siste frist for innlevering av skjema 8. nov. 2019.


Video: Frå Stolpejakten sin YouTube-kanal