Onsdag 14.10 byrjar me haust- og vintersesongen med løpstrening ute. I første omgang vert det for aldersgruppa 13-16/7 år. Det vert variert trening med både intervall og hurtigheit - trening som skal passa for alle som likar å springa. 

Frammøte i idrettshallen/vestibylen kl. 17.15. 

Når det gjeld innetrening, har me pr i dag ikkje fått avklart treningsstad. Me skal ha styremøte i neste veke og tar ei avgjerd då. Vonleg kan me koma i gang med trening i gymsal om ca. 14 dagar.